Minneboken redigert

Tema i år. Kulturminne frå dagleglivet er tema for Arkivdagen 2009. Fenomen frå kvardagen finn du òg spor av i arkiva. For hundre år sidan var arbeidsdagane lange, og born måtte også arbeide. Det var lov å røykje alle stader. Kvinnfolka fødde heime. Mange gjekk på skule på laurdagar. Alle vert konfirmert. Og ein vert straffa om ein tagg eller ikkje hadde nokon stad å bu.

Kanskje arkivet har ei historie frå kvardagen din eller frå steden du bur? Ein branntakst som viser detaljer om huset ditt? Et flyfoto over området du bor i? Møteprotokollar frå det lokale velet, husmorlaget eller fagforeininga di? Eller kanskje klassebildet frå skulen du gjekk på?

Arkiv overalt. Over 800 institusjonar over hele landet bevarar arkiver. Dei spesialiserte arkivinstitusjonane er Riksarkivet, åtte statsarkiv og Samisk arkiv (som utgjer det statlege Arkivverket), fem byarkiv, fem fylkesarkiv, ni interkommunale arkiv samt 15 spesialarkiv. I tillegg bevarar hundrevis av små og store institusjonar, blant anna bibliotek og museum, arkiv.