Støtte til arrangørane. Det er dei lokale initiativa og arrangementa som utgjer Arkivdagen! I år som i 2008, 2009, 2010 og 2011 er det ei sentral organisering i samarbeid mellom Norsk kulturråd, Arkivverket og Landslaget for lokal- og privatarkiv. Saman ønskjer vi å stimulere til økt deltaking og merksemd rundt dagen, samt å gjere profileringsarbeidet lettare for arrangørane.
Brosjyre for publikum. Til høsten vert det distribuert ein brosjyre både til institusjonar som skal arrangere Arkivdagen og til ei rekke andre institusjonar som bevarer arkiv i Noreg.
Felles logo. Det er laga ein felles logo for Arkivdagen 2011. Vi håper at alle som markerer dagen bruker logoen på plakatar, annonser og i anna profilering. Last ned logoen her (pdf).
Oversikt over arrangement. Vi lager ei oversikt over arrangement her på bloggen. Skal din institusjon vere med? Send oss ei melding på eli.solberg@kulturrad.no så kjem arrangementet ditt med i oversikta.
Kontakta med pressen. Institusjonane står sjølv for kontakta med pressen. Vi vil likevel lage og sende ut ei generell pressemelding. Institusjonane kan bruke deler av teksten frå pressemeldinga om dei sjølve ønskjer, justere den etter behov og legge til tekst om eige arrangement.